Skjermbilde frå DataBibelen [Til forsida]

Denne sida inneheld skjermbilde frå DataBibelen-GodSpeed. Her kan du få eit inntrykk av korleis dei viktigste funksjonane i programmet fungerer.

Ved oppstart kjem det fram ein startskjerm med bare dei viktigste valga. Dette kan hjelpe nye brukarar å finne fram, og ein kan kan velge vidare opplæring.


Omtrent slik ser hovudskjermen i DataBibelen ut. Merk at under kvart bibelvers er det "lenkeikon", som er direkte lenker til andre bøker som omtalar dette verset.


Ein kan lett skifte mellom ulike Biblar i bibellista. Tekstlista har ei full oversikt over kva Biblar CD-en inneheld.


Slik kan ein enklast slå direkte opp på eit kjent vers. Etter val av bok vel ein kapittel og versnummer, og kjem direkte til versteksten. (Ein kan også slå opp vers ved å gjere eit ordsøk på versreferansen.)


I tillegg til Biblane har DataBibelen eit heilt kristent bibliotek, med over 120 bøker og hefter (store og små). Tekstlista har ei full oversikt over bøkene på CD-en.


Med eitt klikk får ein fram overskriftene (kapitteloversikten) i teksten du arbeider med.


Ein søker etter ord og ordgrupper ved å skriva dei etter kvarandre. (Det finst også avanserte søkevalg for erfarne brukarar.)


Kryssreferansar er andre vers relevante til bibelverset ein arbeider med. Det finst fleire alternative kryssreferanse-modular, der ein kan slå opp alternative kryssreferansar til same vers - og gjerne samanlikne dei.


Det følgjer med ein innhaldsrik hjelp-tekst, som også fungerer som stor brukarmanual.


I tillegg til å kunne lese og søke i hjelp-teksten, kan ein slå direkte opp på detaljert hjelp for alle menyvalg og dialogboksar.

Ynskjer du å lære meir om DataBibelen, kan du laste ned den fullt fungerande demoen. Den inkluderer ein sjølvgåande presentasjon av hovudfunksjonane.



Tilbake til forsida