DataBibelen Mobil [Til forsida]


Last ned gratis frå Google Play

DataBibelen er eit avansert program for Windows, Mac og Linux. DataBibelen Mobil er eit enklare program for mobiltelefonar, lesebrett, osv. som kjører Android. Det kan bruke alle dei same tekstane som DataBibelen, og vise bibelvers, søke etter ord, osv.

Framgangsmåte: Alle interesserte kan fritt installere appen DataBibelen Mobil. Han fungerer som Evangeliseringsversjon og demo, med omtrent dei same tekstane som Evang/demo for Windows. Som Biblane frå 1930 (bokmål) og 1921 (nynorsk), nokre moderne Nytestamente, Bibelleseplan, og nokre andre tekstar.

Dei som har kjøpt den vanlege DataBibelen kan deretter bruke det same passordet og pakke opp dei same tekstane (sangbøker, bibelkommentarar, andaktsbøker, osv.) til mobilen sin.

Sida Spørsmål har eigen seksjon med dei vanlegaste svara til DB Mobil.


Innhaldsliste

  1. Systemkrav
  2. Funksjonar
  3. Installere programmet
  4. Installere passord
  5. Mannakorn
  6. Oppgradering
  7. Overføring til ny mobil
  8. Brukarstøtte
    (Tekniske emner for spesielt interesserte:)
  9. Eldre mobiltelefonar
  10. Manuell overføring av fleire Biblar


Systemkrav

For å bruke DataBibelen Mobil trengst ein mobiltelefon eller brett som kjører Android versjon 4.0.3 eller nyare. Les Eldre mobiltelefonar om du har eldre Android, eller ikkje har Internett på din "dings".

DataBibelen Mobil er eit Java-program. iPhone, iPad, osv. mangler dessverre Java, og kan derfor ikkje kjøre DataBibelen Mobil. OliveTree lagar eit anna program BibleReader. Det kan ikkje bruke tekstane frå DataBibelen, men ein kan kjøpe nokre norske Biblar til det. Det kjører på "alle" store mobiltelefonar.


Funksjonar

DataBibelen Mobil har desse hovudfunksjonane:


Installere programmet

Oppstartsskjerm til DataBibelen Mobil

Installering av sjølve programmet for DataBibelen Mobil er ganske enkelt å installere appen frå Play til din mobil, akkurat som alle andre appar. Dette gir deg programmet og nokre tekstar - dei fungerer som demo.

Demoen fungerer heilt fint aleine, men om du har kjøpt den vanlege DataBibelen for nedlasting til PC kan du bruke det same passordet for å installere dei same tekstane til mobilen din.

Play søker du sjølv etter "DataBibelen Mobil", eller bruker denne direkte lenka: DataBibelen Mobil. Når du får opp noko som likner bildet til venstre er programmet ferdig installert.

Tilgang til funksjonane - t.d. ordsøk eller versoppslag - får du med Meny-knappen til apparatet - det kan vera Tre linjer eller ei Ned-pil. Inni menyen har du Hjelp der du kan læra deg å bruka programmet.


Installere passord

Etter at DataBibelen Mobil fungerer vil dei fleste som har kjøpt DataBibelen ønska å installere fleire tekstar med passordet til den vanlege DataBibelen. Så om du t.d. har kjøpt ei sangbok til den vanlege DataBibelen, kan du også bruke dette passordet for å installere sangbok-teksten på mobilen din.

For å legge inn navn og passord startar du DataBibelen Mobil og går inn i Meny / Hjelp/Om / Installer tekstar. Når du etter innskriving trykker OK skal programmet hente ned og installere tekstane automatisk. Neste gong du startar DataBibelen Mobil skal tekstane ha komme inn i Gå til tekst, på dei to flikane for Biblar og Andre tekstar (andaktsbøker, sangbøker, osv).

Tips: Det er mange tekstar å laste ned, så det tar litt tid. Om det blir brudd forsøker du bare omatt.
Åpne bibel/tekst / Fleire tekstar / Lås opp tekstar med eit passord er same skjermen for passord.
Har din mobil ikoner kan Meny vera tre linjer eller ein ring med trekant/nedoverpil, og Gå til tekst kan vera ein Bibel med spørjeteikn.


Mannakorn

Mannakorn er eit program som viser utvalgte bibelvers. Det blir installert saman med DataBibelen. Det er eit såkalla Widget, i lista med programmer i Android kjem slike ETTER app-ane.

For å aktivere Mannakorn velger du ein ledig plass på minst 3 x 2 på skjermen. Trykk lenge, og i menyen som kjem opp velger du å legge til Widget. Nøyaktig ordlyd på valget varierer. Velg så DataBibelen, og du er ferdig.


Oppgradering

Når det går litt tid er ikkje alltid eit installert program den nyaste versjonen. Ein kan då savne t.d. ein ny Bibelleseplan. For DataBibelen på PC-ar har ein eit system der ein lastar ned oppgradering.

DataBibelen Mobil kjører på Android. Dette har eit system for å automatisk oppgradere programmet. Om du ikkje har slått av denne funksjonen treng du altså ikkje gjera noko for å oppgradera.

I ny og ne legg me ut nye ting - som ny Bibelleseplan - inn i desse oppgraderingane. Slikt vil altså komma når me legg det ut, men det er ikkje alltid HEILT samstundes med PC-versjonen.


Overføring til ny mobil

Det hender ein kjøper ny mobiltelefon. Då må ein først Installere programmet på den nye mobilen. Deretter kan ein Installere passordet ein har kjøpt for å få resten av tekstane i DataBibelen.

Ved å klikka på teksten til eit bibelvers får du ein meny. Der kan du med stjerna til venstre Understreke verset. Desse understrekingane blir lagra i fila underlne.hmp i mappa bibel i rotmappa. Erfarne brukarar kan overføre understrekingane ved å overføre denne fila til same mappe på ny mobil.


Brukarstøtte

Me har dessverre ikkje så mykje konkret kunnskap om detaljar for bruk av akkurat din mobiltelefon. Men vil gjerne ha melding om du meiner du har oppdaga feil i sjølve programmet.

Generelle tips: Ved problem bør ein alltid først forsøke ein gong til. Og gjerne etter å ha foretatt omstart av utstyret - det hjelper oftare enn ein skulle tru. Virker det likevel ikkje er det kjekt om du kan spørje ein meir erfaren brukar om hjelp, om ein slik er tilgjengeleg.

Om det likevel ikkje går kan du forsøke å sende ein strømpost (e-post) til SigveSaker. Forsøk å ta med så mykje relevant info du kjem på - kva utstyr du har, kva du gjorde, kva som skjedde, kva du ville skulle skje.

Send systeminfo til SigveSaker

Dersom DataBibelen Mobil startar opp kan du forsøke å sende informasjon om mobilen til SigveSaker - hugs å skrive dette i strømposten. Slik systeminfo sender ein med menyvalg Meny (tre linjer) / Hjelp/Om / Systeminfo. Nederst er det ein knapp Send til SigveSaker som du bruker for å sende.



Her er slutten på sida for folk flest, no kjem ekstra info spesielt for folk med eldre mobilar eller eldre DataBibel-versjonar.


Eldre mobiltelefonar

Dette kapitlet treng ikkje brukarar flest lese. Det er bare for dei som ikkje kan installere den vanlege DataBibelen Mobil frå Play. Kapitlet er stila til meir tekniske brukarar, og er mindre detaljert forklart.

Android-brukarar utan Internett

Vanleg installering går ut på laste ned DataBibelen Mobil frå Play Butikk til mobilen. Pussig nok får ein ikkje laste ned programmer frå Play Butikk til ein PC, for så å overføre det til mobilen. Dei som ikkje har Internett på Android-dingsen sin kan her laste ned programmet db_mobil.apk frå SigveSaker.

Etter nedlasting overfører du fila til mobilen tilsvarande som i Manuell overføring av fleire Biblar. Deretter må du på mobilen bruke ein filbehandlar, bla deg fram til overført fil, og trykke på ho for å installere. Det kan komme nokre varsel du må handtere.

Eldre Android

Har du eldre Android enn det som krevst i Systemkrav får du ikkje installert DataBibelen Mobil frå Play Butikk. For desse brukarane har me nokre eldre utgåver liggande til nedlasting. Dei må dessverre installerast manuelt, slik det står litt om i Android-brukarar utan Internett ovanfor.

  • dbm_v61.apk DBm versjon 6.1 for Android 4.0.3 og nyare.
  • dbm_a403.apk DBm versjon 5.11.1 for Android 4.0.3 og nyare.
  • dbm_a22.apk for Android 2.2.
  • dbm_a21.apk for Android 2.1.
  • dbm_a20.apk for Android 2.0. (Det kan vera han også fungerer på 1.6, ikkje testa)


    Manuell overføring av fleire Biblar

    Etter at DataBibelen Mobil er ferdig installert skal det fungere heilt fint - men bare med tekstane som følgjer med. Om du har kjøpt eit passord til ein nyare DataBibel for nedlasting installerer du ekstra tekstar på din mobil med dette, akkurat som på PC-en.

    Gamle DataBibel-versjonar (inntil versjon 6.1 frå 2011) levert på CD har ein annan type passord, som ikkje installerer alt. Erfarne brukarar kan likevel sjølv overføre Biblar og tekstar frå CD-en til mobilen. DataBibelen bruker mappa bibel under rota på mobilen. Overfør alle filer frå mappa BIBEL på CD-en eller datamaskinen til mobilen, så skal DataBibelen finne dei neste gong han startar opp.

    Du bruker vanleg måte for overføring, som laust minnekort, USB-kabel, lokalnett, minnepinne, strømpost (epost) eller skylagring (t.d. www.box.com).

    Liten plass i hovedminnet

    Har du ein gammal mobil med lite plass i hovedminnet, kan du opprette ei mappe bibel på det ekstra minnekortet i mobilen. DataBibelen Mobil leiter automatisk i denne mappa [Døme]. Merk at nokre mobiltelefonar har to minnekort - eitt fastmontert som t.d heiter /sdcard0, og eitt uttakbart som t.d. heiter /sdcard1.

    Skulle dette ikkje virke etter omstart av mobilen, kan du forsøke å stille inn Meny / Innstillingar [Døme] / Mappe for ekstra filer. Om denne er tom eller viser feil mappe bruker du Velg ... [Døme] og naviger deg INN I (viktig!) mappa bibel du oppretta på minnekortet (t.d. kalla sdcard). Inni mappa bibel velger du å bruka denne [Døme], ser etterpå at mappa er satt rett, og velger Lagre [Døme]. Ved neste oppstart skal det virke.

    Skulle det likevel ikkje fungere kan det vera til hjelp å sende inn systeminformasjon og sei frå til SigveSaker når det er gjort. Du sender systeminfo i menyvalg
    Meny / Hjelp/om / Systeminfo / Send til Sigvesaker / OK

    Merk at det er opphavsrett på DataBibelen. DataBibelen Mobil kan fritt brukast av alle, men filene frå CD-en er det ikkje lov å gje vidare til andre!



    Tilbake til forsida