Spørsmål og svar (FAQ) [Til forsida]
Her er spørsmåla brukarane stiller oftast, med svar eller lenker til andre sider som har svar. Spørsmåla spesielt for Mac er på sida Mac/Linux. Kom gjerne med forslag.
Spørsmåla er delt inn desse kategoriane:
Ved problem bør ein alltid først forsøke ein gong til. Og gjerne etter å ha foretatt omstart av utstyret - det hjelper oftare enn ein skulle tru. Virker det likevel ikkje - og du er usikker på kva du skal gjera - kan det hjelpe å spørje ein meir erfaren brukar om hjelp, om ein slik er tilgjengeleg.
Ein del problem kjem av at folk bruker utgått materiell. Du bør altså kassere det gamle når du mottar nytt som erstatter det - eller i det minste merke godt at det er gammalt. Det er lett å ta feil om gamle og nye versjonar er lagra på ulike stader.
Merk også at gamle passord til CD-versjonar ikkje fungerer heilt saman med nyare, nedlastbare versjonar av DataBibelen.
Tilbake til Generelt.
SigveSaker sender ut informasjonsbrev med e-post av og til. Der blir det informert om nye ting, oppdateringar av programma du kan laste ned, evt gratis tekstar til nedlasting, osv.
Alle interesserte kan registrere seg og motta desse info-breva. Registrer gjerne fleire strømpost-adressar, så du kan motta info-breva når den eine adressa blir lagt ned. Folk som har endra adresse, og me ikkje lett finn, blir sletta frå lista.
Merk at alle som kjøper direkte frå SigveSaker blir registrert automatisk. Og at alle som seier frå sjølvsagt blir fjerna frå denne lista.
Tilbake til Generelt.
Programpakkene er i utgangspunktet for ein brukar, og eigarane av tekstane har bare fått betalt for ein brukar - som for ei trykt bok. Det er likevel nokre unnatak, les eiga side om lisensreglar.
Der står det også om å installere hos andre for ei kortare tid, så dei kan prøve ut programmet.
Tilbake til Generelt.
DataBibelen er laga for å brukast tilsvarande ei trykt
bok. All bruk er underlagt den vanlege lova om opphavsrett:
https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2018-06-15-40
Vil ein bruke teksten på andre måtar - som å vise på storskjem med prosjektør
- skal ein i utgangspunktet betale for bruken. Men det er inngått
avtalar om bruk innan Den norske kyrkja og ein del andre trussamfunn:
www.kopinor.no/artikler/kopinor-avtaler-for-kirker-og-trossamfunn
www.tono.no/artikkel/kirke/
SigveSaker har lite juridisk kompetanse. Men slik me forstår det dekker avtalane ovanfor bruk av tekst og musikk til alle samlingar med forkynning, men ikkje reine kyrkjekonsertar - dei skal det betalast for.
Tilbake til Generelt.
DataBibelen har funksjonar for å fjerne meny og grafiske element, velge fargar for skrift og bakgrunn, endre storleiken på skrift, og å vise bare eitt vers om gongen. DataBibelen fungerer altså som eit enkelt program for å styre prosjektør for storskjerm.
Vidare kan ein kan kopiere tekst frå DataBibelen, og dermed lime tekst inn i alle programmer der ein kan lime inn, inkludert meir avanserte programmer for styring av prosjektør. De fleste slike kostar pengar, så dei får me ikkje gje bort gratis.
Men Songview er gratis for alle frå www.logos-solutions.org.uk. DataBibelen har eigen funksjon for integrering mot dette, slik at ein kan overføre alle versa i ein sang på ein gong, så det blir til eitt bilde for kvart vers. Sjå hjelpsystemet i DataBibelen for detaljar.
Ingen visningsprogram for storskjerm kan åpne DataBibelen sine tekstar direkte inn i sitt program, alle bruker andre tekstformat.
Merk at all bruk av tekst og musikk er underlagt vanlege reglar for kopirett.
Tilbake til Generelt.
SigveSaker retter framleis på program, tekstar og musikk. Mange av desse rettingane er tips frå brukarane, så me vil gjerne ha tilbakemelding om du skulle finne noko som er gale.
Du kan sende slike feilrapporter til SigveSaker, t.d. med strømpost. Så skal me undersøke, og evt rette og rapportere vidare.
Tilbake til Generelt.
Ein av målsettingane med DataBibelen er at folk ikkje skal måtta kjøpe seg nye og dyre maskinar for å bruke programmet. Alle vanlege maskinar er gode nok. Då DataBibelen blir installert komprimert til harddisken bruker han bare vel ein gigabyte (1 GB).
Tekniske detaljar:
DataBibelen køyrer på alle Windows frå Win 98 til Win 11, 32-bits og 64-bits. For å sjå fargebilda treng du minst 256 fargar, det har jo "alle".
Krava til DataBibelen for Java - for Mac og Linux - står på sida Mac/Linux.
Krava til DataBibelen Mobil - for vanlege mobiltelefonar og nettbrett - står på sida DataBibelen Mobil.
For iPhone/iPad osv sjå Kan eg bruke DataBibelen Mobil på iPhone eller iPad?.
Når du forsøker å starta ei fil kan det komma eit varsel om at fila er ukjend og skadeleg. I Windows 10/11 klikkar du på noko liknande Meir info og deretter Køyr likevel [Døme].
Seinare i installeringa kan du få ein spørsmål om du vil tillate at det blir gjort endringar. Installering av DataBibelen er jo ei endring, så der svarer du Ja.
Tilbake til Installering.
Delvis - om han ikkje er for gammal. Tjue år gamle CD-ane vil ofte ikkje installere direkte, men ti år gamle vil ofte fungere. Forsøk gjerne - det er raskt gjort, og ingenting blir ødelagt om det ikkje fungerer.
Ein annan sak er at nyare versjonar, som blir installert frå Internett, er større. Og kan kjøre på mobilar og nettbrett som kjører Android. Om det er interessant kan du vurdere å Oppgradere.
Teknisk: Din nye PC plar ha 64-bits Windows. Desse støtter DataBibel-CD versjon "2003c" heilt frå 2005, og nyare. Eldre CD-ar gjev feilmelding om 16-bits system, og vil ikkje installere. Sjå i så fall spørsmålet under:
Tilbake til Installering.
Før 2015 vart DataBibelen levert på CD. Om din gamle CD-ar ikkje vil installere - sjå spørsmålet over - kan du vurdere å kjøpe oppgradering. Nyare versjonar, som blir installert frå Internett, er større. Og kan kjøre på mobilar og nettbrett som kjører Android.
Teknisk: Din nye PC plar ha 64-bits Windows. DataBibel-CD-en "2003b" frå 2004 og eldre er 16-bits, og vil gje ei feilmelding om du forsøker å installere. Erfarne brukarar kan likevel "plundre" det til - installering er bare å få plassert dei rette filene på ny PC, og deretter opprette ikon å starta DataBibelen med.
Installer først demoen til harddisken. Normalt til mappa \BIBEL på harddisken. Overfør så filer i \BIBEL på CD-en til den same mappa på harddisken. Om du blir spurt om å overskriva nyare filer svarer du nei.
Du kan også kopiere filene frå installert mappe på ein gammal PC med eldre Windows, eller frå CD-lesaren på ein slik PC. Dette kan du gjere med ein USB-minnepinne, ekstern USB-harddisk, via lagring på Internett, e.l.
Gammalt passord for CD vil ikkje fungere. Nyare CD-passord vil installere NOKRE av tekstane - men fungerer ikkje heilt. Vil du ha alt - inkludert det nye som har komme til - må du som sagt oppgradere.
Tilbake til Installering.
Dette plar ha ein av desse årsakene:
Tilbake til Installering.
Folk spør nokre gonger om å få tilgang til gamle nedlastingar. Alle desse blir lagt på same filnavn, slik at gamle blir sletta og er ikkje lenger tilgjengelege. Me tar ikkje eingong vare på gamle nedlastingar sjølv.
Om ein kjøper oppgradering av DataBibelen får ein sjølvsagt med alle slike, pluss evt nye tekstar som IKKJE har blitt lagt ut til nedlasting.
Ei full liste over tekstane som er del av DataBibel-CD-en i dag er på sida Produkt.
Tilbake til Installering.
Har du nyare CD-passord - med tolv tegn - kan du ofte installere CD-tillegg og sangbøker i nedlastbar DataBibel. Bruk menyvalg Hjelp / Installer tekstar inni DataBibelen.
Dette vil dessverre IKKJE installere den fulle DataBibelen, som jo også er større enn den du har kjøpt. Men du kan i alle fall få nokre av tilleggstinga, så forsøk gjerne.
Om du oppgraderer, får du sjølvsagt nytt passord som installerer alt du skal ha. Pass i så fall på å kassere det gamle, så du ikkje tar feil seinare.
Tilbake til Installering.
Nyare versjonar av DataBibelen for Windows (etter 2012) kan aktivere menyvalget Hjelp / Oppdater program. Fungerer dette laster det ned og installerer nyaste programversjon.
Om ikkje dette fungerer kan du på Windows forsøke å laste ned fila gs4wtest.exe og så starta ho etter nedlasting. Pass på å installere til same mappe som DataBibelen, normalt C:\BIBEL.
Det går også an å installere ein demo oppå DataBibelen, altså til same mappe på harddisken. Ikkje overskriv nyare versjonar av filer.
Oppgradering på Mac og Linux er omtalt på sida "Mac/Linux", seksjon Oppgradering.
Tilbake til Oppgradering.
Verbum Forlag har vore rause nok til å la oss bruke Bibelleseplanen deira utan vederlag i ei årrekke. Derfor blir inntil vidare Bibelleseplanenen for neste år lagt ut til nedlasting rundt oktober/november. Slike filer blir lagt ved oppgraderingane av sjølve programmet, sjå Korleis oppgraderer eg sjølve DataBibel-programmet? for framgangsmåten for installering.
Tilbake til Oppgradering.
Kva det koster å oppgradere avhenger av kva du har kjøpt før, og kva du vil oppgradere til. Vanlegste prisen er kr 390 med mva. Dette er for gammal DataBibel-CD til nyaste nedlasting, og inkluderer CD-tillegget om du har det frå før. Ta evt kontakt med info om kva versjon du har no for eksakt pris.
SigveSaker tilrår ikkje at du oppgraderer utan at du konkret ynskjer deg ein ny tekst - som den nye Bibel 2011 - eller at DataBibelen din er mange år gammal. Gje heller pengane til Guds rike.
Sjå gjerne oversikten over kva DataBibel-CD-en inneheld i dag for å vurdere om du får nok nye tekstar til at det er verd prisen.
Tilbake til Oppgradering.
Ja.
Når du kjøper ei oppgradering får du likevel full pakke, for at det skal vera enklare å installere. Du treng altså ikkje bruke gammalt materiell, så det er i orden at det er borte eller ødelagt.
Tilbake til Oppgradering.
Når du oppgraderer hender det at nokre tekstar du hadde før forsvinner. Dette plar komma av at du bare installerer sjølve ned nedlastbare pakka, utan passordet. Når DataBibelen startar opp må du ETTERPÅ installere passordet, som det står på instruksjonane du fekk med passordet.
Tilbake til Oppgradering.
Nei.
Ein del program krev at du avinstallerer tidlegare versjonar når du skal installere ein ny. DataBibelen er heilt bevisst laga for å ikkje trenge dette. Du kan altså utan vidare installere nye versjonar oppå gamle. Bare pass på at du alltid installerer til same mappe på harddisken, normalt C:\BIBEL.
Det går også greitt å blande ulike versjonar, om du bare passar på å installere nyaste utgåver sist. Får du spørsmål om overskriving av nyare filer på harddisken, svarer du til vanleg "Nei".
Tilbake til Oppgradering.
Omtrent alle brukararkan kjøpe einskilde Biblar eller sangbøker ved å kjøpe eit nytt passord, som dei så installerer inni DataBibelen med menyvalg Hjelp / Installer tekstar.
Tilbake til Oppgradering.
DataBibelen Mobil som du kan installere frå Google Play er gratis. Han innehelt omtrent tilsvarande tekstar som Evangeliseringsversjonen av DataBibelen, som er til gratis bruk for alle. Dei moderne biblane kostar pengar.
Om du har kjøpt DataBibelen kan du installere Biblar og andre tekstar med det same passordet.
Tilbake til DataBibelen Mobil.
SigveSaker sender ut informasjonsbrev til alle interesserte. Nokre av desse infobreva gjev folk høve til å laste ned gratis tekstar på Windows, Mac og Linux. Nokre brukarar av DataBibelen Mobil for Android vil også ha desse. Etter kvart kjem normalt nokre av desse gratis-tekstane - som Bibelleseplanen - også i demoen for DB Mobil. Du må oppgradere DB mobil til ny versjon for å få desse. Andre tekstar kjem ikkje før neste hovedversjon.
Tilbake til DataBibelen Mobil.
Nei, dessverre.
DataBibelen Mobil er eit Java-program. iPhone, iPad, osv. manglar dessverre Java, og kan derfor ikkje kjøre DataBibelen Mobil. SigveSaker samarbeider med OliveTree som lagar BibleReader. Det kan ikkje bruke tekstane frå DataBibelen direkte, men kan bruke nokre norske Biblar. Det kjører på "alle" store mobiltelefonar, også gamle.
Tilbake til DataBibelen Mobil.
Tilbake til spørsmålslista.