Om SigveSaker [Til forsida]

Firmaet SigveSaker har som mål å tena "kristen-Noreg". Dette forsøker me hovudsakleg å gjera ved å utgje elektroniske kristne bøker som kan hjelpa kristne i deira daglege teneste i Guds rike. Det er forsøkt å dekka så mange behov som råd, men utrustinga av lekfolket blir ofte tillagt litt større vekt.

Deler av overskuddet av dette arbeidet har til no vore brukt til å støtta Bibel-arbeid i muslimske land. Saman med gåver har det blitt over 4,3 millionar kroner. Me deler også ut mindre DataBibel-utgåver gratis. Til no har det blitt over 42 tusen på diskett og via Internett. Sjå under Nedlasting om du vil lasta ned ein.

I ny og ne blir me kontakta av folk som ynskjer å gje ei gåve, til dømes av di dei bruker gratisversjonen. Dei kan sende ein valfri sum til Guds Ord til Østen, konto 0530.49.70059.

Me bruker ein del frivillig dugnadsarbeid for å kunna legga inn stadig meir i DataBibelen, utan å måtta auka utsalgsprisen. Ta gjerne kontakt dersom du kan tenka deg å vera med på å skanna eller korrekturlesa tekstar.

SigveSaker har hatt filer liggande til gratis nedlasting sidan 1994. Filene ligg for tida på http://www.SigveSaker.no.

SigveSaker
Granneshagen 24
4044 Hafrsfjord
Tlf 4860 4130
Org.nr NO 969 940 213
Konto 3705.04.89966



Tilbake til forsida