Informasjonsbrev [Til forsida]
På denne sida er det samla og omarbeidd utdrag av info-brev som SigveSaker har sendt ut tidlegare. Om du ynskjer å få tilsendt slik informasjon kan du registrere deg i Bestillingsskjema og notere at du vil registrere deg i kommentarfeltet.
Bibelleseplanen frå bibel.no/Verbum får me også i år bruke i DataBibelen. Stor takk til dei. Papirutgåver av leseplanen får ein frå bibel.no og i bokhandelar.
Merk at datoversjonen av Kyrkjeåret har ei lenke "Ressurser" som viser til full liste, som har forslag til preiker og salmar.
* For å få desse tekstane startar du DataBibelen og bruker menyvalg HJELP / OPPDATER PROGRAM, om menyvalget finst.
* Ved problem kan du gjera det manuelt, instruks på:
databibelen.no/faq.htm#OppgrBibLes
* Brukarar med Mac eller Linux kan følgje instruks på:
databibelen.no/maclinux.htm#Oppgradering
Folk flest vil i dag ha programvare som nedlasting. Om du bestiller ei julegåve til nokon bør du oppgje namnet på mottakar, slik at han kan bruke sitt eige navnet og passord koda til dette for å installere.
Julegåvetips for alle år er DataBibelen - kanskje du treng ei
oppgradering? :)
Men vurder også "Norsk Salmebok 2013" for DataBibelen. Det er
med alle salmane, bønebok, katekisme, nokre enkle liturgiar og
alle register. «Hymns in English» er også med. Pris er kr 399.
Bestill på databibelen.no/bestill.htm
Full produktoversikt på databibelen.no/produkt.htm
Butikkar som framleis har gamle DataBibel-pakkar kan få bytta desse i nye, salgbare pakkar.
Eg kom over ein kunde som har kjøpt DataBibelen, men ikkje fekk til å installere. Han gav opp. Send gjerne e-post om du ikkje får til DataBibelen du har kjøpt, så forsøker me litt til.
Det kjem av og til spørsmål om det er lovleg å bruke tekst frå DataBibelen saman med projektor, og å kopiere opp teksten. Me har informert om relevante nettsider i 2007, 2009 og 2012. Men slike sider kan dessverre forsvinne, og det har skjedd igjen.
Dei nyaste nettsidene me har funne - med lenker vidare - er:
www.kopinor.no/avtaler
www.kopinor.no/artikler/kopinor-avtaler-for-kirker-og-trossamfunn
www.tono.no/artikkel/kirke/
SigveSaker har dessverre lite juridisk kompetanse, men tolker avtalane som at i vanlege samlingar i kyrkjelydane som er del av avtalane, kan ein bruke vers "med fornuft". Altså ikkje for mykje om gongen, og ikkje slik at dette kjem i staden for innkjøp av t.d. sangbøker. Hugs: Ein skal ALLTID oppgje kjelde.
DataBibelen Mobil kjører på mobilar osv som kjører Android. Same passorda ein kjøper til vanleg DataBibel kan no installere dei same tekstane på din mobil frå Internett. Sjå meir på databibelen.no/db_mobil.htm#Passord
Dette kan eg dessverre sjølv lite om. Men ein blind brukar har skrive om dette på heimesida under "For blinde" i menyen til venste. Direkte lenke databibelen.no/db_blind.htm
Norsk Salmebok 2013 som tekst i DataBibelen er no tilgjengeleg, og blir sendt ut til kundar i neste veke.
Det er med nokre tillegg, nærmare detaljar er på
eideforlag.no/Norsk-salmebok/I9788251408080
Pris er kr 399 med mva. Du kan bestille frå SigveSaker på vanleg måte.
www.databibelen.no har alltid hatt ein god del nyttige
tips, men spreidd over fleire sider. Dermed har ikkje folk
alltid har funne dei. Slike er no samla på ei ny nettside med
spørsmål og svar på vanlege spørsmål - ein såkalla "FAQ":
databibelen.no/faq.htm
Demo, oppgradering og årets bibelleseplan på Mac og Linux har
blitt mykje enklare. Sjå under "Mac/Linux" på heimesida,
seksjon "Oppgradering" og "Evang/Demo". Direkte lenke:
databibelen.no/maclinux.htm
Det er ein god ide å destruere gammalt, forelda
materiell når du kjøper oppgradering og mottar nyare passord.
I ny og ne lagrar brukarar gamle og nye utgåver på ulike
stader, og får problem når dei forsøker å installere gamle,
utgåtte pakkar på ein ny PC.
Hugs å skrive ut og ta vare på passordet!
Merk at det er lov å ta tryggleikskopi av DataBibelen til
eige bruk, uansett medium. Kopierer du mappa C:\BIBEL kan du
seinare re-installere ved å kopiere mappa tilbake til ein PC
og installere nedlastbar demo frå heimesida til same mappe.
(Dette er også ein måte å installere til PC utan harddisk.)
Salg av dataprogram og gåver har til no samla inn over 4,3 millionar til Bibel-spreiing blant muslimar, og me har spreidd over 42 tusen gratisversjonar på diskettar og via Internett. Takk til alle dei som har vore med på å støtta dette arbeidet.
Prisane kan bli endra utan varsel.
Ordrar under kr 1100 blir tillagt kr 30 i admin.
DataBibelen
Hovudproduktet er "DataBibelen" til kr 498. Innhaldet svarar til 3,5 hyllemeter med bøker. Det er med 20 bibeltekstar; Bibel 2011, 1978/85, 1930/38, 1921. Det er vidare 2 millionar kryssreferansar, 1300 bilde og 130 andre ymse bøker.
Windows-utgåva har også med mannakorn, skjermsparar, eit lite bibelspel og sjålvgåande presentasjon (opplæring) av DataBibelen. Innhaldsliste: dbpklist.htm
DataBibel-tillegget
DataBibelen har også ei Tilleggspakke ein kan kjøpe separat, til kr 498 (Grunnpakke + Tillegg kr 996). Med tillegget har programmet også Norsk Bibel bokmål og nynorsk, og Bibelen Guds Ord (kalla "norsk King James"). Altså totalt alle dei 10 norske biblane.
Det er vidare med Apokryfene, Alterboka, Svensk Bibel 2000 og Nestle-Aland 27 (gresk NT), pluss eit par andre bøker.
Innhaldet i Tilleggspakka: dbpklist.htm, seksjon Tillegg
Sangbøker
Sangbøkene følgjer ikkje med DataBibelen, men legg seg inn i og
blir ein del av denne. Sangbøkene kan også kjøpast lause, utan
DataBibelen. Dei kjem med fleire timar (enkel) musikk, og
oppslagslister.
Kr 399,- Norsk Salmebok 2013 (i samarbeid med Eide Forlag)
Kr 240,- Syng for Herren (bare kalla Sangboka)
Kr 240,- Landstads Reviderte Salmebok
Andre biblar
Desse Biblane er ikkje del av dei vanlege pakkane, men kan kjøpast som
eit tillegg til DataBibelen:
"New Revised Standard Version 1989"
"Svenska Folkbibeln"
Også bibeltekstar i Tilleggspakka kan kjøpast separat for å
utvide ein vanleg DataBibel. Pris kr 95 for kvar bibel.
SigveSaker får ein del invitasjonar til sosiale nettverk som Google+, Facebook, LinkedIn, osv. Takk for desse, men då eg bare ser dei som fleire ting eg må sjekke i tillegg til vanleg strømpost, er det inntil vidare ikkje interessant å vera med.
DataBibelen har enkle funksjonar for å styre storskjerm (prosjektor). Gratisprogrammet Songview er meir avansert, og DataBibelen kan overføre heile songar om gongen til dette, eitt vers på kvart bilde. (Slik bruk er sjølvsagt underlagt vanlege lover for kopiering.) SongView har no komme i ny utgåve, som også kan spela av videoar: www.logos-solutions.org.uk/
Fleirbrukarlisensar kan inkludere heime-maskinane til brukarane. Då vil dei utan vidare kostnadar også inkludere DataBibelen Mobil (sjå db_mobil.htm), som kjører på mange store mobiltelefonar.
Folk spør nokre gonger om å få tilgang til gamle nedlastingar. Alle desse blir lagt på same filnavn, slik at gamle blir sletta. Me tar ikkje eingong vare på gamle nedlastingar sjølv. Så det ein korkje finn på heimesida under "Nedlasting" eller via "Info-brev" er dessverre ikkje lengre tilgjengeleg. Om ein kjøper oppgradering av DataBibelen får ein sjølvsagt med alt dette, pluss tekstane som IKKJE vart lagt ut til nedlasting.
Dette gjeld bare programmerarar som alt har laga eit anna program dei ynskjer skal samarbeida med DataBibel-programmet. Om me får i stand eit formelt samarbeid kan SigveSaker levere dokumentasjon på korleis DataBibelen kan kommunisere med andre program via såkalla DDE-kommunikasjon.
Eg får spørsmål frå skular om ein såkalla "databibel" som dei får tilsendt utan å ha bedt om det, saman med ei rekning. Dei som vil ha bakgrunnsinfo om dette kan lese avisutklipp på sg_info.htm