Systemkrav [Til forsida]

Sida Spørsmål har eigne seksjonar med svar på dei vanlegaste spørsmåla om Installering, Mac/Linux og mobiltelefonar.

Windows
Ein av målsettingane med DataBibelen er at folk ikkje skal måtta kjøpe seg nye og dyre maskinar for å bruke programmet. Alle vanlege PC-ar er raske nok. Alle vanlege Windows-versjonar fungerer.

Tekniske detaljar: DataBibelen kjem med to programutgåver, ein 32-bits for "vanleg" 32-bits Windows (frå Win 98 til Win 10), og ein 64-bits. For å sjå fargebildene treng du 256 fargar eller meir, det har "alle" i dag. CD-utgåvene av DataBibelen blir installert komprimert til harddisken, og bruker derfor under 0,8 GB.

Ingen CD-lesar? Sjå Korleis installerer eg utan CD-lesar?

Mac/Linux
Nyare CD-ar (versjon 6.1a frå 2011 og nyare) kjører også på Mac og Linux, sjå eiga nettside.

Vanlege mobiltelefonar og nettbrett.
Det mindre bibelprogrammet DataBibelen Mobil kan kjøre på dingsar med Android.

iPhone/iPad osv. Sjå Kan eg bruke DataBibelen Mobil på iPhone eller iPad?


Tilbake til forsida