DataBibelen på Mac og Linux [Til forsida]

DataBibelen kjem med eit avansert program for Windows, og eit enklare program for dei fleste store mobiltelefonar. I tillegg har DataBibel-CD-en eit eige program for Mac og Linux, som blir omtalt her.

Teknisk bakgrunn: DataBibelen for Mac og Linux er eit Java-program. Det krev altså at datamaskinen har Java installert - det har dei fleste i dag. Det kan også kjøre på Windows om PC-en har Java installert. Det likner Windows-utgåva av DataBibelen, men har litt færre funksjonar. (Windows-utgåva kan også kjøre på Mac og Linux om ein bruker eit emuleringsprogram.)

Sida Spørsmål har eigen seksjonar med svar på dei vanlegaste spørsmåla om Mac/Linux.


Til nedlasting:

ML_nett.jar - demo MED krypterte modular
MacLinux.jar - bare liten demo, UTAN modular
OBS! Merk at bare ML_nett.jar er nedlastbar CD-pakke, der du seinare kan installere full DataBibel, sangbok, osv med eit passord. MacLinux.jar er bare er demoen, og kan ikkje ta passord.

Innhaldsliste

  1. Systemkrav
  2. Installering
  3. Installering av passord
  4. Feilsøking
  5. Installering av CD
  6. Oppgradering
  7. Evang/Demo (gratisversjon)
  8. For erfarne brukarar (teknisk)


Systemkrav

Du treng ein datamaskin med Java installert, versjon 1.6 (heiter også versjon 6) eller nyare. Dette kan vera ein Linux-PC, ein Mac eller ein Windows-PC.

Får du melding om at din Java er for gammal kan du laste ned ny versjon gratis frå java.com. Merk at eldre Mac oppgraderer Java frå Apple, på vanleg måte for Mac.


Installering

Normalt installerer ein frå Internett. Sjå seksjon Installering frå CD om du installerer frå CD.

På sida Nedlasting velger du Nedlastbar CD-pakke. Etter å ha lest instruksen lastar du ned ml_nett.jar til din maskin og startar så den nedlasta fila.

Installeringsprogrammet skal då starte, om ikkje les du Feilsøking. Etter det har starta opp følgjer du dei vidare instruksjonane. På slutten av installeringa får du vite kor du finn lenka for å starta den installerte DataBibelen. Når du får opp eit vindauge liknande dette:

har du fått installert ein ferdig demo, og kan sette inn passord for å få full DataBibel. Og du kan lese det innebygde Hjelp-systemet for å læra deg å bruke programmet.


Installering av passord

Full DataBibel og eventuelle tillegg du har kjøpt krev passord, og det installerer du etter at sjølve DataBibelen har starta opp. Start DataBibelen og velg menyvalg Hjelp / Installer tekster. Sett inn navn og passord (nøyaktig!), og tillegga blir installerte.


Feilsøking

Om maclinux.jar eller ml_nett.jar slett ikkje vil starta, kan det vera at du ikkje har Java installert, eller har for gammal utgåve. Du får evt melding om dette. Last i så fall ned og installer nyare utgåve frå java.com, og forsøkt omatt.

Om du ikkje får starta maclinux.jar av di det ikkje er laga av Apple, kan du fjerne denne sperra nokonlunde slik:

Når du neste gong forsøker å starta maclinux.jar eller ml_nett.jar bør det fungere.


Installering av CD

For å foreta vanleg installering av DataBibelen på Mac eller Linux treng du ein DataBibel-CD versjon 6.1a (frå 2011) eller nyare. Erfarne brukarar kan forsøke å plundre til eldre versjonar, sjå evt Manuell installering.

Legg DataBibel-CD-en i CD-lesaren, og naviger deg fram til denne på normal måte for din maskin. Start så installasjonsprogrammet maclinux.jar på CD-en.
OBS! På Windows startar installeringa automatisk, men Mac-ar kan dessverre ikkje dette. Nye Mac-brukarar ser ut til å streve mykje med denne overgangen.

Døme for korleis det kan vera at ein gjer det på Mac:

  1. Legg CD-en i CD-lesaren
  2. Åpne Finder
  3. Trykk på DATABIBELEN i Enheter-lista
  4. Start maclinux.jar.
    Om du ikkje får lov å starta det ved å dobbeltklikka, held du nede Ctrl-tasten mens du klikkar på programmet, velger Åpne frå lokalmenyen, og velger så Åpne. Du blir spurt etter passordet for Administrator, slik som ved systemoppdateringar.
  5. Installeringsprogrammet skal då starte, og du følgjer dei vidare instruksjonane.

På slutten av installeringa får du vite kor du finn lenka for å starta den installerte DataBibelen. Når du får opp eit vindauge liknande dette:

har du fått alt til, og du kan lese det innebygde Hjelp-systemet for å læra deg å bruke programmet.

Har du passord til CD-en din setter du dette inn nå.


Oppgradering

Full oppgradering er å kjøpe ny DataBibel. Er du registrert hos SigveSaker som brukar av DataBibelen kan du notere på bestillinga at det er ei oppgradering, så sparer du nokre kroner.

Ofte er ein nøgd med bare å oppgradere sjølve DataBibel-programmet. Det kan ein gjere gratis ved å laste ned programmet maclinux.jar og deretter starte det (viktig!). Om det ikkje vil starte les du Feilsøking.

Etter oppstart kjem det eit par skjermar med tekst, så kjem ein skjerm der ein velger kor ein vil installere. Pass på å installere til same mappa som DataBibelen er installert i, på Mac normalt usr/local/Bibel. Når installeringa er ferdig skal du ha nyaste programversjon på harddisken din.

I maclinux.jar ligg det også nokre tekstar, t.d. Bibelleseplan. Er dei nye, eller nyare enn dei du har frå før, blir dei også installert. Slik kan også nokre tekstar bli oppgraderte.


Evang/Demo (gratisversjon)

Alle kan fritt laste ned ein gratis Evangeliseringsversjon (Demo) av DataBibelen på Mac og Linux. Han inneheld for tida dei gamle bibeltekstane frå 1930 (bokmål) og 1938 (nynorsk), nokre nye NT-tekstar, og ein del andre bøker; inkludert bibelleseplan. Innhaldet er omtrent det same som i Evang/demo for Windows.

For å få denne på din maskin lastar du ned fila MacLinux.jar og deretter startar ho (viktig!) for å installere demoen. Om det ikkje vil starte les du Feilsøking.


Tilbake til forsida

For erfarne brukarar (teknisk) [Til forsida]

Den vanlege nettsida for folk flest er no ferdig. Resten av denne sida er ekstra, teknisk informasjon som vanlege brukarar ikkje skal trenge, og gjerne heller ikkje vil forstå. Men erfarne Mac-brukarar kan synst det er interessant og/eller nyttig.

  1. Manuell installering av eldre CD
  2. Kjøring av Windows-program med emulering


Manuell installering av eldre CD (teknisk)

Eldre DataBibel-CD-ar enn versjon 6.1a har ikkje programma for Mac og Linux. Erfarne brukarar kan likevel ofte få til å installere ved å:

  1. Last ned programmet maclinux.jar til eigen maskin. Hugs kor du legg det!
  2. Installer det nedlasta maclinux.jar for å få ein fungerande demo. Mesteparten av Installering av CD er relevante tips.
  3. Kopier DataBibel-filene manuelt til din maskin (sjå under).
  4. Installer passord med menyvalg Hjelp / Installer tekster inni DataBibelen, om du har kjøpt passord for tillegg.
Her er ei meir detaljert forklaring om kopiering av filer:

Kopier alle filene i mappa Bibel frå ein CD eller harddisken på ein annan maskin (t.d. PC eller Mac) inn til mappa på harddisken der demoen til DataBibelen du lasta ned har lagt seg. Normalt er dette mappa usr/local/Bibel på Mac.

Om du kopierer frå ein eldre CD som har mappa Modules kopierer du også inn filene frå denne mappa til din datamaskin.

Om du kopierer frå harddisk eller CD på ein annan maskin kan du kopiere filene med ein USB-minnepinne, nettverk, ekstern USB-harddisk, via lagring på Internett (t.d. www.box.com), e.l.

Døme på filkopiering på Mac:


Kjøring av Windows-program med emulering (teknisk)

Heile dette kapitlet er teknisk, og er tatt med bare for spesielt interesserte. Vanlege brukarar bruker DataBibel-versjonen laga for Mac og Linux. Dette kapitlet er bare for brukarar som vil kjøre Windows-versjonen av DataBibelen på Mac og Linux.

Både Mac og Linux (pluss nokre fleire operativsystem) kan med emuleringsprogram kjøre Windows-program som på ein PC. DataBibelen plar fungere greitt på alle slike. Dømer for Mac er Parallels, Boot Camp, VirtualPC, SoftWindows, Fusion. PC-kort i Mac fungerer også.

Wine: Felles for emuleringsutstyret nevnt ovanfor er at det kostar pengar. I tillegg finst programmet Wine, som er gratis. Det fungerer fint med DataBibelen, og på mange Linux-versjonar går installering av Wine utan problem, med nokre få tastetrykk. Det skal visstnok også fungere på Mac.

Om Wine fungerer heilt skal installering og kjøring av DataBibelen fungere som på Windows, altså som det står i handboka. Ved problem kan du forsøke å starta programma sjølv, ved å gå til rett mappe (viktig!) og skrive "wine" og programnavnet du vil starte, t.d. i eit terminalvindu:
    wine CDMENY.EXE (installere CD-en)
    wine DBGSDEMO.EXE (installere demoen du har lasta ned)
    wine GS4WIN32.EXE (starta DataBibelen etter installering)

Skulle installeringa skjære seg går det an å installere til ein PC og kopiere mappa Bibel frå PC-harddisken til din maskin, eller direkte frå CD-en om du har kjøpt denne.

Ekstraprogram: Saman med DataBibelen for Windows kjem det også nokre ekstra småprogram: Mannakorn som viser bibelvers med faste tidsintervall, skjermsparar som viser bibelvers, og eit lite bibelspel. Desse er reine Windows-program, og kjører dessverre ikkje direkte på Mac/Linux utan emulator, som t.d. Wine.



Tilbake til forsida