Nedlasting [Til forsida]

SigveSaker har følgjande filer til nedlasting:



Nedlastbar DataBibel ("CD-pakke")

Her er instruks for Windows. Det er ei eiga side for Mac og Linux, og ei for mobiltelefonar.

DataBibelen lastar du ned og installerer til eigen maskin. Dette skjer i fleire steg som er lista opp her, og forklart i detalj lenger nede:

  1. Last ned fila med DataBibelen
  2. Installer nedlasta pakke til harddisken
    (Stopper du her har du bare ein liten demo)
  3. Bestill passord, om du ikkje alt har det
  4. Pakk opp kjøpte tekstar med passordet

Detaljert forklaring:

Pkt.1 - Last ned fila db_nett.exe (storleik ca O,5 GB).

Pkt.2 - Installer DataBibelen til maskinen din ved å starta fila du lasta ned. Klikk på ho og følg instruksane på skjermen. Har du ein DataBibel frå før treng du ikkje slette noko, du bare installerer OPPÅ den gamle.
OBS! Det kan komma eit varsel om at fila er ukjend. I Windows 10 klikkar du på Meir info og deretter Køyr likevel [Døme]. Du kan også bli spurt om du verkeleg vil gjera endringar på harddisken - som du jo vil når du installerer eit program.

Når installeringa er ferdig har du IKKJE pakka opp den kjøpte DataBibelen. Du har bare fått ein liten demo som alle kan bruke fritt.

Pkt.3 - Bestill så passord for tekstane du ynskjer å kjøpe. Mange har bestilt og mottatt passord på e-post før installeringa.

Pkt.4 - Pakk opp tekstane. Passordet kjem med detaljert instruks, men du bruker bare menyvalg Hjelp / Installer tekstar [Døme].

Neste gong DataBibelen startar skal du ha fått dei nye biblane (tredje valget i Startskjerm), tekstane og/eller sangbøkene (fjerde valget i Startskjerm).

Sjå overskrifta Brukarmanual for meir info om kva hjelp som finst for å lære å bruke DataBibelen.


Ved feil

Om nedlasting eller installering ikkje fungerer omstartar du maskinen og forsøker du ein gong til - det hender det då fungerer. Fungerer det framleis ikkje noterer du nøyaktig(!) kva og korleis du gjorde, og kva som skjedde feil - inkludert evt feilmeldingar. Send dette i ein epost til SigveSaker, så skal me forsøke å hjelpe.

Tilbake til Nedlastingsoversikt.



Evangeliseringsversjon (Demo) av DataBibelen

SigveSaker samarbeider med ein del teksteigarar om å gje ein Evangeliserings-versjon til fri bruk til alle som vil lese gratis i Bibelen. Denne fungerer også som ein Demonstrasjons-versjon for dei som vil teste programmet utan å kjøpe det.

Innhaldet i pakka varierer, men inneheld for tida heile 1930-Bibelen på bokmål, 1921-Bibelen på nynorsk, fem moderne nytestamenter, Landstads Kirkesalmebog (IKKJE den reviderte), Eit ord i dag (andaktsbok av Ludvig Hope), og nokre andre tekstar (m.a. Bibelleseplanen og Kyrkjeårets bibeltekstar).

Windows-versjonen har også med nokre bibelske kart, ein sjølvgåande presentasjon (opplæringspakke), MannaKorn-program, skjermsparar som viser bibelvers og Bibelbok (eit lite dataspel).

Installer bare Nedlastbar DataBibel utan passord, så har du ein full Evang/Demo.

Mindre pakkar: Om den nedlastbare DataBibel-pakken (0,5 GB) er for stor, kan du bruke dbgsdemo.exe (0,02 GB). Installering er som for Nedlastbar DataBibel ovanfor.

mobiltelefonar med Android kan det enklare programmet DataBibelen Mobil installerast frå Google Play, detaljar er på sida Mobiltelefon i menyen. Denne versjonen lastar bare ned det han treng, så det er bare ein storleik.

Tilbake til Nedlastingsoversikt.



Brukarmanual (håndbok)

Før vart DataBibelen levert men ein liten, trykt manual med info om installering, og korleis ein kjem i gang. Denne ligg her som nettside for dei som har mista han, blinde og andre interesserte.

Den eigentlege brukarmanualen, med detaljert informasjon om korleis ein bruker DataBibelen, er innebygd som hjelp-system i sjølve programmet. Hjelp-menyen har også valget Hurtiginnføring, gult rektangel i illustrasjonen.

Windows-brukarar vil også kunna ha god nytte av den sjølvgåande opplæringspakka som er med i menyvalg Hjelp / Opplæringspakke, grønn rektangel i illustrasjonen.

Tilbake til Nedlastingsoversikt.



Tilbake til forsida